1 Set hornet for munnen!Fienden kjemsom ei ørn over Herrens hus,for dei har brote mi paktog synda mot mi lov.
2 Dei ropar til meg: «Min Gud!Vi kjenner deg, vi israelittar.»
3 Men Israel har vraka ¬det som godt er,fienden skal forfylgja dei.
4 Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg,valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det.Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt.Difor skal dei rydjast ut.
5 Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan verta reine i Israel?
6 Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,og han er ingen gud;han skal verta slegen i knas.