4 Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg,valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det.Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt.Difor skal dei rydjast ut.
5 Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan verta reine i Israel?
6 Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,og han er ingen gud;han skal verta slegen i knas.
7 Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev ikkje mjøl;og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.
8 No er Israel slukt.Mellom folka ¬er dei lik eit kjeraldsom ingen bryr seg om.
9 Dei fór bort til Assyrialik eit villesel ¬som flakkar ikring.Efraim kjøper seg kjærleik.
10 Endå dei kjøpslår med folka,vil eg no driva dei saman.Dei skal vri seg ei lita stundunder børa av skatt ¬til storkongen.