8 No er Israel slukt.Mellom folka ¬er dei lik eit kjeraldsom ingen bryr seg om.
9 Dei fór bort til Assyrialik eit villesel ¬som flakkar ikring.Efraim kjøper seg kjærleik.
10 Endå dei kjøpslår med folka,vil eg no driva dei saman.Dei skal vri seg ei lita stundunder børa av skatt ¬til storkongen.
11 Efraim har laga seg mange altarsom har fått dei til å synda.
12 Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei,men dei reknar dei ikkje ¬for sine.
13 Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer,og dei et av kjøtet,men Herren har ikkje hugnad ¬i dei.No vil han koma ¬deira misgjerning i hugog krevja dei til rekneskap ¬for deira synder.Dei skal attende til Egypt.
14 Israel gløymde skaparen sinog bygde seg slott;Juda bygde ¬mange festningsbyar.Men eg vil senda eld ¬mot deira byar,han skal øyda deira borger.