2 Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans.
3 Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.
4 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
5 «Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg,og før du vart fødd, ¬helga eg deg;til profet for folka sette eg deg.»
6 Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»
7 Då sa Herren til meg: «Sei ikkje: Eg er så ung!Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til,og alt det eg byd deg, ¬skal du tala.
8 Ver ikkje redd dei,for eg vil vera med deg ¬og berga deg,»lyder ordet frå Herren.