Jeremia 25 N78NN

Babylonarkongen skal tukta Israel

1 Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia,

2 og som profeten Jeremia bar fram for heile Juda-folket og alle Jerusalems-buane. Han sa:

3 I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra.

4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra.

5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.

6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk.

7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve.

8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord,

9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære.

10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos.

11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år.

12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid.

13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga.

14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

Staupet med Herrens vreidevin

15 Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det!

16 Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17 Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det:

18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag;

19 farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans,

20 alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod;

21 folket i Edom, Moab og Ammon,

22 alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet;

23 folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen;

24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka;

25 alle kongane i Simri, Elam og Media;

26 alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka.

27 Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.

28 Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de!

29 For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Høyr kor hyrdingane skrik!

30 Du skal tala alle desse profetorda til dei og seia: Herren skal torna frå det høge,la si røyst ljoma ¬frå sin heilage bustad.Han tornar over si beitemark,ropar lik folk ¬som trakkar druer,til alle som bur på jorda,

31 og lyden når heilt ¬til heimsens ende.For Herren har sak med folka,alle som lever, ¬stemner han for retten.Dei gudlause gjev han over ¬til sverdet,lyder ordet frå Herren.

32 Så seier Herren, Allhærs Gud:Ei ulukke skal spreia segfrå folk til folk.Med eit veldig uver ¬ber det laustfrå ytste enden av jorda.

33 Den dagen skal folk som Herren har drepe, liggja der frå den eine enden av jorda til den andre. Ingen held syrgjehøgtid over dei, ingen samlar og gravlegg dei. Til gjødsel på marka skal dei verta.

34 Klag og skrik, de hyrdingar,velt dykk i støvet,de herrar over flokken!For tida er komendå de skal slaktast og spreiast;de skal falla ¬liksom utvalde kjerald.

35 Hyrdingane finn ikkje livd,det er inga bergingfor dei som er herrar ¬over flokken.

36 Høyr kor hyrdingane skrik,og leiarane i flokken klagar!For Herren herjar beita deira,

37 fredelege beitemarker ¬ligg aude,av di Herren ¬er brennande vreid.

38 Som ungløva har han gått ut ¬frå si gøymsle.No har Herren ¬i sin brennande vreidelagt landet i øyde ¬med sitt veldige sverd.