1 Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
2 lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.
3 Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4 For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5 Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.
6 Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for.
7 Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka;du vart for sterk for meg ¬og vann.Eg er til låtteløye heile dagen,alle spottar meg.
8 Så ofte eg talar, lyt eg skrika,«Vald og overfall!» lyt eg ropa.For Herrens ord har dagen langvorte meg til spott og skam.
9 Men når eg tenkte:«Eg vil gløyma hanog ikkje lenger tala ¬i hans namn»,då vart det som logande eld ¬i mitt hjarta,innestengd i mine bein.Eg streva for å halda det att,men greidde det ikkje.
10 Ja, eg har høyrt mange ¬som kviskrar– det er noko som skræmer ¬på alle kantar:«Meld han! ¬Vi skal melda han!»Alle som eg hadde fred med,ventar på at eg skal falla:«Kanskje lèt han seg lokka,så vi kan få han i vår maktog hemna oss på han.»
11 Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe.Difor skal dei snåva,dei som forfylgjer meg,og ikkje vinna over meg.Dei skal stå der med stor skamfordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg– ei vanære som aldri ¬vert gløymd.
12 Herre, Allhærs Gud,du som prøver den rettferdige,som ser både hjarta og nyrer,lat meg få sjå at du tek ¬hemn over dei,for eg har lagt mi sak i di hand.
13 Syng for Herren, ¬lovpris Herren,for han bergar den fattigeog friar han ¬frå ugjerningsmenn.
14 Forbanna vere den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!
15 Forbanna vere den mannsom kom til far min ¬med gledebodet:«Du har fått ein gut,»og såleis gledde han storleg.
16 Lat det gå den mannen ¬som det gjekk dei byaneHerren øydela utan medynk!Lat han høyra skrik ¬om morgonenog hærrop midt på dagen,
17 fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv,så mor mi vart mi gravog alltid gjekk med barn.
18 Kvifor kom eg ut or mors livnår eg berre skulle oppleva ¬møde og sorgog enda mine dagar i skam?