1 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistarane, før farao slo Gasa.
2 Så seier Herren:Sjå, vatnet stig frå nordog vert til ei fløymande elv;ho renn ut over landet ¬og alt som i det er,byane og dei som der bur.Menneska klagar og skrik,alle som bur i landet, jamrar
3 når dei høyrer hovslag ¬av sterke hestar,vogner som ramlar ¬og hjul som dundrar.Fedrane ser ikkje etter borna,hendene deira er som lame.
4 For dagen er komendå filistarane ¬skal gå heilt til grunne.I Tyrus og Sidon ¬vert dei utrudde allesom slapp unna ¬og kunne hjelpa.For Herren gjer ende ¬på filistarane,dei som er att ¬av folket frå Kaftor-øya.
5 Gasa er raka snau,Asjkalon har tagna.Du som er att nedi låglandet,kor lenge vil du rispa deg opp?
6 Å, du Herrens sverd,kor lenge skal det varafør du fell til ro?Dra deg inn att i slira,og hald deg still ¬og roleg!
7 Korleis kan det falla til ro?Herren har då kalla det ut,sendt det til Asjkalon ¬og til havsens strand.