2 Du plantar dei, ¬og dei røter seg;dei veks og ber frukt.Nær er du i deira munn,men langt borte frå ¬deira hjarta.
3 Men du, Herre, ¬ser og kjenner meg,du prøver mitt huglag ¬mot deg.Skil dei ut som slaktesauer,og vigsla dei til offerdagen!
4 Kor lenge skal landet sturaog alt som gror på marka, ¬turka bort?Fordi dei som bur i landet, ¬er vonde,skal både fugl og fe ¬gå til grunne.Folk seier: «Han ser ikkjekorleis det går oss til slutt.»
5 Når du vert trøytt av å springasaman med folk til fots,korleis kan du då kappspringa ¬med hestar?Og er du trygg ¬berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai den fine Jordan-skogen?
6 Brørne dine og farsætta di,jamvel dei er trulause mot deg;dei ropar etter deg av full hals.Du må ikkje eingong lita på deinår dei talar venleg til deg.
7 Eg har gått frå huset mittog gjeve opp arven min.Henne som eg elska,har eg gjeve i fiendevald.
8 Mitt eige folk har vorte for megsom ei løve i tette skogen.Dei brøler mot meg;difor har eg uvilje mot dei.