7 Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
9 Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem.
10 Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko.
11 For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra.
12 Du skal tala dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Og når dei svarar deg: «Vi veit då godt at kvar krukke er til å fylla vin på»,
13 skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur her i landet, så dei vert drukne, både kongane som sit på Davids kongsstol og prestane, profetane og alt folket i Jerusalem.