1 Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara!
2 Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren: Til døden med dei ¬som er etla til å døy,lat sverdet råka dei ¬som skal falla for sverd,og svolt dei ¬som skal svelta i hel,i fangenskap med dei ¬som skal takast til fange!
3 På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda.
4 Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.
5 Ja, kven tykkjer synd i deg, ¬Jerusalem,kven syner medkjensle ¬med deg?Kven tek av frå vegen og spørkorleis det står til med deg?