14 Eg lèt deg træla ¬for dine fiendari eit land du ikkje kjenner.For vreiden min logar ¬som eld,mot dykk er han kveikt.
15 Du veit det, Herre.Kom meg i hug ¬og ta deg av meg!Lat meg få hemn ¬over dei som forfylgjer meg!Ver ikkje så langmodig mot deiat du riv meg bort.Sjå kor eg vert spotta ¬for di skuld!
16 Eg fann dine ord og åt dei,dei var til hugnad for meg.Og det var ei glede ¬for mitt hjartaat ditt namn er nemnt ¬over meg,Herre, Allhærs Gud.
17 Aldri sat eg og moroa megi lag med skjemtande menner.Einsam sat eg, ¬gripen av di hand;for du fylte meg med harme.
18 Kvifor er mi liding utan endeog såret mitt ulækjande?Det vil ikkje gro.Du har vorte for meg ¬som ein sviktande bekk,som vatn ein ikkje kan lita på.
19 Då svara Herren:Dersom du vender om,vil eg la deg koma attog stå for mitt åsyn.Er det du talar, gjævt og godtog ikkje verdilause ord,så skal du vera som min munn.Då skal folket venda seg til deg,men du skal ikkje venda deg ¬til dei.
20 Mot dette folket gjer eg degtil ein festningsmur av bronse.Dei skal strida mot deg,men ikkje vinna.For eg er med deg,eg vil frelsa deg og fria deg ut,lyder ordet frå Herren.