5 Ja, kven tykkjer synd i deg, ¬Jerusalem,kven syner medkjensle ¬med deg?Kven tek av frå vegen og spørkorleis det står til med deg?
6 Du støytte meg frå deg, ¬lyder ordet frå Herren,og snudde ryggen til.Difor rette eg handa utog ville gjera ende på deg;eg var trøytt av å ynkast.
7 Med kasteskuffel ¬spreidde eg deikringom i byane i landet.Barnlaust gjorde eg folket mittog lét det gå til grunne,for det vende ikkje om ¬frå si vonde ferd.
8 Det vart fleire enkjer hjå deienn det er sandkorn ved havet.Eg sende mot dei ¬unge stridsmennsom herja midt på ljose dagen.Brått lét eg skakande redsle ¬koma over dei.
9 Jamvel ho som var mor ¬til sju born,visna bort ¬og seig maktlaus om.Hennar sol gjekk ned ¬medan det endå var dag,ho vart til spott og skam.Dei som er att av folket,gjev eg over til sverdetfor augo på deira fiendar,lyder ordet frå Herren.
10 Ve meg, mor mi, ¬at du fødde meg,ein mann som alle her i landetligg i strid og trette med.Eg skuldar ingen noko,og ingen står i gjeld til meg;endå forbannar dei meg alle.
11 Sanneleg, sa Herren, ¬eg vil fria deg ut,så det kan gå deg godt.Eg lèt fienden naudbe degnår han kjem i naud ¬og trengsle.