6 Han er lik ein busk ¬i øydemarka;han får ikkje sjå at lukka kjem,men held til ¬på dei turraste vidder,i eit saltlende, der ingen bur.
7 Velsigna er den mann ¬som lit på Herrenog set si von til han.
8 Han er lik eit tre ¬som er planta attmed vatnog tøyer røtene bort åt ¬ein bekk.Det reddast ikkje ¬når heten kjem,men står der ¬med lauvet grønt.Det sturer ikkje i turketiderog held ikkje opp ¬med å bera frukt.
9 Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven skjønar seg på det?
10 Eg, Herren, er densom granskar hjarta ¬og prøver nyrer.Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar.
11 Lik ei rapphøne ¬som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som vinn rikdom ¬med urett.Midt i si levetid ¬må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.
12 Ein herleg kongsstol,opphøgd frå den fyrste tid,er staden ¬der vår heilagdom står.