18 Dei sa: «Kom, lat oss tenkja utvonde planar mot Jeremia!For det vantar ikkje rettleiing ¬hjå presten,råd hjå den vise ¬eller ord hjå profeten.Kom, lat oss fella han ¬med hans eigne ordog ikkje høyra på noko ¬av det han seier.»
19 Herre, lyd på meg!Høyr kva mine motstandarar ¬seier!
20 Skal ein løna godt med vondt?Dei har då grave ei grav ¬for meg.Men kom i hug ¬at eg stod for ditt åsyn,ville tala deira sakog venda din harme bort ¬frå dei.
21 Gjev difor borna deira ¬over til svolten,lat sverdet ta seg av dei!Lat kvinnene verta barnlause ¬og enkjer,lat mennene råkast av dødenog unggutane falla for sverd ¬i krigen.
22 Lat det høyrast skrik ¬i husa deiranår du brått lèt ein røvarflokk ¬koma over dei.Dei grov då ei grav ¬til å fanga megog sette løynde snarer ¬for føtene mine.
23 Men du, Herre, kjenner tilat dei legg planar ¬om å drepa meg.Ta ikkje bort deira skuld,og stryk ikkje ut deira synd ¬for ditt åsyn,men lat dei falla og liggja der!Grip inn mot dei ¬på din vreidedag!