4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.
7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.
8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.
10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.