8 Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.
9 Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, og den eine skal eta kjøtet av den andre i den trengsle og naud som fiendane deira og dei som står dei etter livet, fører over dei.
10 Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg,
11 og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.
12 Såleis vil eg fara åt med denne staden og med dei som bur der, lyder ordet frå Herren; eg vil gjera denne byen lik Tofet.
13 Og husa i Jerusalem og husa åt Juda-kongane skal verta ureine som Tofet, alle dei husa der dei oppå taka har brent offer for heile himmelhæren og rent ut drikkoffer for andre gudar.
14 Då Jeremia kom att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å tala profetord, steig han fram i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket: