26 Som ein tjuv må skjemmast ¬når han vert gripen,såleis skal israelittane ¬skjemmast,både dei sjølve ¬og kongane deira,hovdingane, prestane ¬og profetane deira.
27 Dei seier til treet: ¬«Du er far min,»og til steinen: ¬«Du har født meg.»Dei snur ryggen til meg ¬og ikkje andletet;men når ulukka kjem, seier dei:«Reis deg og hjelp oss!»
28 Kvar er då gudane ¬som du laga deg?Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.
29 Kvifor ligg de i strid med meg?De har alle gjort opprør ¬mot meg,lyder ordet frå Herren.
30 Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar;dei lét seg ikkje aga.Som ei herjande løvetynte dykkar sverd profetane.
31 De som høyrer denne ætta til,akta på Herrens ord!Har eg vore ¬som ei øydemark for Israeleller som eit kolmørkt land?Kvifor seier folket mitt:«Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?
32 Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnadeller ei brur sitt belte?Men mitt folk har gløymt megi uminnelege tider.