12 Difor skal vegen deiraverta glatt og sleip for dei.Dei glid i mørkret og dett.For eg fører ulukke over deidet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.
13 Hjå profetane i Samariasåg eg usømelege ting.Dei tala profetord ved Ba’alog førte Israel, folket mitt, vilt.
14 Hjå profetane i Jerusalemhar eg sett gruelege ting.Dei bryt ekteskapet ¬og fer med lygn,dei stør og styrkjer ¬ugjerningsmenn,så ingen vender om ¬frå sin vondskap.For meg har dei alle ¬vorte som Sodoma,folket i byen er som Gomorra.
15 Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,om desse profetane:Eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa nått ut ¬over heile landet.
16 Så seier Herren, Allhærs Gud:Høyr ikkje på det dei seier,profetane som spår for dykk!Dei berre narrar dykk.Frå deira eige hjartaog ikkje frå Herrens munnkjem dei syner dei ber fram.
17 Til dei som vanvørder ¬Herrens ord,seier dei: ¬«Det skal gå dykk vel,»og til alle som fylgjer ¬sitt harde hjarta:«Inga ulukke ¬skal koma over dykk.»
18 Kven har vore med ¬i Herrens råd,så han merka og høyrde ¬hans ord?Kven akta på hans ord ¬og lydde det?