15 Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,om desse profetane:Eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa nått ut ¬over heile landet.
16 Så seier Herren, Allhærs Gud:Høyr ikkje på det dei seier,profetane som spår for dykk!Dei berre narrar dykk.Frå deira eige hjartaog ikkje frå Herrens munnkjem dei syner dei ber fram.
17 Til dei som vanvørder ¬Herrens ord,seier dei: ¬«Det skal gå dykk vel,»og til alle som fylgjer ¬sitt harde hjarta:«Inga ulukke ¬skal koma over dykk.»
18 Kven har vore med ¬i Herrens råd,så han merka og høyrde ¬hans ord?Kven akta på hans ord ¬og lydde det?
19 No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver,ein kvervelstorm fer av stadog kvervlar mot hovuda på ¬dei gudlause.
20 Herrens vreide legg seg ikkjefør han har sett i verk ¬og fullførtdet han hadde tenkt å gjera.Til sist, i dagar som kjem,skal de skjøna dette heilt.
21 Eg har ikkje sendt profetane,og likevel spring dei av stad;eg har ikkje tala til dei,og likevel stig dei fram ¬som profetar.