19 No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver,ein kvervelstorm fer av stadog kvervlar mot hovuda på ¬dei gudlause.
20 Herrens vreide legg seg ikkjefør han har sett i verk ¬og fullførtdet han hadde tenkt å gjera.Til sist, i dagar som kjem,skal de skjøna dette heilt.
21 Eg har ikkje sendt profetane,og likevel spring dei av stad;eg har ikkje tala til dei,og likevel stig dei fram ¬som profetar.
22 Men hadde dei vore med ¬i mitt råd,då hadde dei forkynt mine ord ¬for mitt folkog fått det til å venda omfrå si vonde ferd ¬og sine vonde gjerningar.
23 Er eg ein gud som berre er nær, ¬seier Herren,og ikkje ein gud langt borte?
24 Kan nokon gøyma seg ¬på løynlege staderså eg ikkje ser han? ¬seier Herren.Fyller ikkje eg ¬både himmel og jord?lyder ordet frå Herren.
25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei.