9 Om profetane. Mitt hjarta er knust i min barm,alle mine lemer skjelv.Eg er som ein drukken mann,ein som vinen har maktstole.Det kjem frå Herren, ¬frå hans heilage ord.
10 Landet er fullt ¬av ekteskapsbrytararog sturer fordi det er forbanna;beita i øydemarka turkar bort.Folk spring ¬etter det som vondt er,og har sin styrke i urett.
11 Både prest og profet ¬er gudlause;jamvel i mitt eige hushar eg møtt deira vondskap,lyder ordet frå Herren.
12 Difor skal vegen deiraverta glatt og sleip for dei.Dei glid i mørkret og dett.For eg fører ulukke over deidet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.
13 Hjå profetane i Samariasåg eg usømelege ting.Dei tala profetord ved Ba’alog førte Israel, folket mitt, vilt.
14 Hjå profetane i Jerusalemhar eg sett gruelege ting.Dei bryt ekteskapet ¬og fer med lygn,dei stør og styrkjer ¬ugjerningsmenn,så ingen vender om ¬frå sin vondskap.For meg har dei alle ¬vorte som Sodoma,folket i byen er som Gomorra.
15 Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,om desse profetane:Eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa nått ut ¬over heile landet.