21 Då kong Jojakim og alle krigarane og hovdingane hans høyrde det han sa, ville kongen drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.
22 Då sende Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan Akborsson og nokre andre saman med han.
23 Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som lét han hogga ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til småkårsfolk.
24 Men Ahikam Sjafansson heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.