12 Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva.
13 Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.
14 Høyr ikkje på profetane som seier: «De kjem ikkje til å træla for babylonarkongen.» Det er lygn det dei spår dykk.
15 For eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Dei spår lygn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og la dykk gå til grunne saman med profetane som spådde for dykk.
16 Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår.
17 Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys?
18 Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon.