3 Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyrus og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,
4 og bed dei seia til herrane sine: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så skal de seia til herrane dykkar:
5 Det er eg som har skapt jorda og menneska og dyra som lever der, med mi store kraft og min strake arm. Eg kan gje det til den eg held for den rette.
6 Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han.
7 Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl.
8 Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren.
9 De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.»