10 Høyr Herrens ord, ¬de folkeslag!Forkynn det på fjerne strender ¬og sei:Han som spreidde Israel,samlar og gjæter detsom ein hyrding ¬gjæter sin flokk.
11 For Herren har fria ut Jakobog løyst han ¬or overmanns hand.
12 Dei kjem med jubelrop ¬til Sion-fjellet,dei strålar av glede ¬over Herrens gode gåver:korn og vin og olje,sauer og geiter og oksar.Sjølve skal dei vera ¬som ein vassrik hageog ikkje lenger lida naud.
13 Då skal jentene dansa av gledeog gamle menn gleda seg ¬med dei unge.Eg vender deira sorg til fryd,og trøystar og gleder ¬dei som syrgde.
14 Eg lèt prestane få rikeleg ¬med feite retterog mettar mitt folk ¬med gode gåver,lyder ordet frå Herren.
15 Så seier Herren:Høyr, det lyder klagerop ¬i Rama,det er einkvan ¬som græt så sårt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta,for dei er borte.
16 Så seier Herren:Hald opp med å gråta,turka tårene frå augo dine!Du skal få løn for ditt strev, ¬seier Herren,dei skal koma heim att ¬frå fiendeland.