24 Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring.
25 Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.
26 Då vakna eg og såg meg om. Svevnen hadde gjort meg godt.
27 Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg både i Israel og Juda sår ut eit sæde av menneske og dyr.
28 Og liksom eg vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, å bryta ned, øydeleggja og skada, så vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, lyder ordet frå Herren.
29 På den tid skal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk ringe tenner.
30 Men kvar skal døy ¬for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få ringe tenner.