13 Medan dei var til stades, sa eg til Baruk:
14 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge.
15 For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet.
16 Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa:
17 Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg.
18 Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud,
19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.