17 For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.
18 Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.
19 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så:
20 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid,
21 då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg.
22 Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast.
23 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: