1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då Nebukadnesar, babylonarkongen, og heile hæren hans, saman med alle rike på jorda som stod under hans herredøme, og alle folkeslaga stridde mot Jerusalem og alle byane der ikring:
2 Så seier Herren, Israels Gud: Gå og tal til Sidkia, Juda-kongen, og sei til han: Så seier Herren: No gjev eg denne byen i babylonarkongens vald, og han skal brenna han opp.
3 Du skal ikkje sleppa ut or hans hand, men verta gripen og gjeven til han. Du skal sjå babylonarkongen i augo og tala auga til auga med han, og til Babylon skal du koma.
4 Men høyr Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje falla for sverd,