3 Kanskje all den ulukka eg har tenkt å føra over dei, får folket i Juda til å høyra, så dei alle vender om frå si vonde ferd; då vil eg tilgje dei deira synd og skuld.
4 Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.
5 Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus.
6 Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda.
7 Kanskje dei då vil be audmjukt til Herren og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. For Herren har truga dette folket med å visa stor vreide og harme.
8 Baruk Neriason gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han gjekk til templet og las Herrens ord or boka.
9 I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut faste for Herren. Alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda, skulle fasta.