5 Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus.
6 Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda.
7 Kanskje dei då vil be audmjukt til Herren og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. For Herren har truga dette folket med å visa stor vreide og harme.
8 Baruk Neriason gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han gjekk til templet og las Herrens ord or boka.
9 I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut faste for Herren. Alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda, skulle fasta.
10 Då las Baruk opp or boka det som Jeremia hadde tala, medan alt folket høyrde på. Det gjorde han i Herrens hus, i romet åt statsskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye tempelporten.
11 Då Mika, son til Gemarja Sjafansson, høyrde alle Herrens ord som vart opplesne or boka,