1 Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Nebukadnesar, babylonarkongen, gjorde han til konge i Juda.
2 Korkje Sidkia eller mennene hans eller folket i landet ville høyra på dei orda som Herren tala gjennom profeten Jeremia.
3 Likevel sende kongen Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Ma’aseja, til profeten Jeremia. Dei skulle seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»
4 På den tid gjekk Jeremia fritt ikring mellom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.
5 No hadde faraos hær fare ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og tok ut frå byen.