3 Likevel sende kongen Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Ma’aseja, til profeten Jeremia. Dei skulle seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»
4 På den tid gjekk Jeremia fritt ikring mellom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.
5 No hadde faraos hær fare ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og tok ut frå byen.
6 Då kom Herrens ord til profeten Jeremia, og det lydde så:
7 Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Faraos hær, som har drege ut for å hjelpa dykk, kjem til å venda attende til landet sitt, til Egypt.
8 Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.
9 Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane fer visseleg bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.