9 Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane fer visseleg bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.
10 Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og dei berre hadde att nokre menn som var hardt såra, skulle dei alle reisa seg frå telta sine og brenna byen.
11 Då kaldearhæren hadde teke ut frå Jerusalem av otte for faraos hær,
12 gjekk Jeremia ut or byen. Han skulle til Benjamins-landet og skifta ein arv med folket sitt der.
13 Men då han kom til Benjamins-porten, møtte han ein høgare vaktmann som heitte Jeria og var son til Sjelemja Hananjason. Han tok tak i profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!»
14 «Det er lygn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til stormennene.
15 Dei vart harme på Jeremia, slo han og sette han fast i huset åt statsskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort om til fengsel.