16 Då sa kong Sidkia i løynd til Jeremia og svor: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss livet: Eg vil ikkje drepa deg og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17 Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til babylonarkongens hovdingar, skal du berga livet, og byen skal ikkje brennast. Både du og ditt hus skal få leva.
18 Men gjev du deg ikkje over til hovdingane, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa frå dei.»
19 Kongen sa då til Jeremia: «Eg er redd for at dei judearane som har gått over til kaldearane, skal gje meg over til dei, og at dei skal fara stygt åt med meg.»
20 Jeremia svara: «Det skal ikkje henda. Lyd berre Herrens ord som eg forkynner deg, så skal det gå deg vel, og du skal få leva.
21 Men nektar du å gje deg over, så høyr kva Herren har synt meg:
22 Alle kvinnene som var att i Juda-kongens slott, vart førte ut til hovdingane åt babylonarkongen, medan dei song:Dine beste vener lokka degog fekk deg i si makt.Då føtene dine sokk ¬ned i gjørma,drog venene seg unna.