25 Når stormennene får høyra at eg har tala med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen, og kva kongen sa til deg. Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg!
26 Men då skal du svara dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongen. Eg bad om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus, så eg skulle døy der.»
27 Då alle stormennene kom til Jeremia og spurde han ut, svara han dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred; for saka hadde ikkje vorte kjend.
28 Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.