1 I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen.
2 I det ellevte året åt Sidkia, den niande dagen i den fjerde månaden, braut dei inn i byen.
3 Og då Jerusalem var teken, kom alle hovdingane åt babylonarkongen og tok sete i Midtporten: hærføraren Nergal-Sareser, fyrste over Sin-Magir, hoffsjefen Nebusarsekim og alle dei andre leiande mennene hjå babylonarkongen.
4 Då Sidkia, Juda-kongen, og alle stridsmennene hans fekk auga på dei, rømde dei. Dei tok ut frå byen om natta og la vegen gjennom kongshagen, ut porten mellom dei to murane, og fór bortover mot Jordan-dalen.