13 Som uversskyer ¬stig fienden opp;hans vogner er som ein storm,hans hestar snøggare ¬enn ørnar.Ve oss, det er ute med oss!
14 Jerusalem, reinsa hjarta ditt ¬for vondskap,så skal du verta berga.Kor lenge vil du hysavonde tankar i hugen din?
15 Høyr, det kjem eit bod frå Dan,ei ulukkemelding ¬frå Efraims-fjella.
16 Sei frå til folk: Der er dei!Rop det ut over Jerusalem!Fiendar kjem frå land ¬langt borte,dei set i med hærrop ¬mot byane i Juda.
17 Som vaktmenn på ein åker ¬kringset dei landet,fordi det var trassig mot meg,lyder ordet frå Herren.
18 Di åtferd og dine gjerningarhar valda deg dette.Det er den beiske frukt ¬av din vondskap;no gjeld det ditt liv.
19 Å, bringa mi, bringa mi!Eg vrid meg i verk.Å, veggene i hjarta mitt!Hjarta mitt ankar seg, ¬eg kan ikkje teia.Eg høyrer lyden ¬av horn og hærrop.