28 Difor syrgjer jorda,og himmelen der oppe ¬svartnar.For eg har tala og lagt min plan,eg gjer han ikkje om ¬og tek han ikkje att.
29 For gnyen av hestfolk ¬og bogeskyttararrømer kvar by.Dei gøymer seg i tettskogenog stig opp på hamrane.Alle byane er folketome,ingen bur i dei.
30 Du som er herja, ¬kva vil du gjera?Om du kler deg i skarlakog pryder deg med gullstas,om du gjer augo store ¬med sminke,gjer du deg fager til fånyttes.Dine elskarar vanvørder deg,dei står deg etter livet.
31 Eg høyrer støn ¬som av ei kvinne i rier,skrik som når ho føder ¬for fyrste gong.Det er Sions dotter som ropar;ho syp etter anden,retter ut hendene og seier:«Ve meg, maktlaus sig eg omi hendene på mordarar!»