4 Omskjer dykk for Herren,ta bort dykkar hjartans ¬førehud,de Juda-menn ¬og Jerusalems-buar!Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjer,for alt det vonde de har gjort.
5 Kunngjer dette i Juda,rop det ut i Jerusalem:Lat hornet ljoma i landet,og rop av full hals:Samla dykk og lat oss gåinn i festningsbyane!
6 Lyft hærmerket ¬og før det til Sion!Berga dykk og stogga ikkje!For eg sender ei ulukke ¬frå nord,ei veldig øydelegging.
7 Ei løve stig opp or kjerret.Ein som herjar mellom folka,tek ut og fer frå sin stad;han vil gjera landet ditt ¬til ei audn.Byane dine skal leggjast i grus,så ingen kan bu der.
8 Bind difor syrgjeplagg ¬om livet,set i med klagerop og hyl!For Herrens brennande vreidehar ikkje vendt seg frå oss.
9 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal kongen og hovdingane ¬missa motet.Prestane skal stivna av redsleog profetane stå der lamslegne.
10 Eg sa: Å, Herre Gud,du har sanneleg svikedette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred»,og så sit sverdet ¬i strupen på oss.