14 Alle dei som Ismael hadde ført bort frå Mispa, snudde og gjekk attende til Johanan, son til Kareah.
15 Ismael kom seg unna med åtte mann. Han slapp frå Johanan og kom seg over til ammonittane.
16 Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, tok då med seg resten av folket som Ismael, son til Netanja, hadde ført frå Mispa etter drapet på Gedalja, son til Ahikam: menn, krigarar, kvinner, born og hoffmenn, og han førte dei attende frå Gibeon.
17 Dei fór av stad og tok inn i Kimham-herberget ved Betlehem. Derifrå ville dei fara til Egypt,
18 bort frå kaldearane. Dei var redde dei, fordi Ismael, son til Netanja, hadde drepe Gedalja, son til Ahikam, som babylonarkongen hadde sett til å styra i landet.