6 Då gjekk Ismael, son til Netanja, imot dei frå Mispa. Han kom gråtande bortetter vegen, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og ver med til Gedalja, son til Ahikam!»
7 Då dei var komne inn i byen, tok Ismael, son til Netanja, og dei mennene han hadde med seg, og slo dei i hel og kasta dei i ein brunn.
8 Men mellom dei var det ti menn som sa til Ismael: «Ikkje drep oss! Vi har mat gøymd ute på marka: kveite, bygg, olje og honning.» Då lét han dei vera og drap dei ikkje saman med dei andre.
9 Den brunnen som Ismael kasta lika av alle dei drepne i, var den store cisterna som kong Asa hadde laga då han låg i strid med Basja, kongen i Israel. Den fylte Ismael, son til Netanja, med drepne.
10 Sidan førte Ismael, son til Netanja, resten av folket i Mispa i fangenskap. Han førte bort både kongsdøtrene og alle dei andre som var att i Mispa, dei som Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til styresmann over. Så gav Ismael seg i veg, ville fara over til ammonittane.
11 Då Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, høyrde om alt det vonde Ismael, son til Netanja, hadde gjort,
12 tok dei med seg alle mennene sine og drog ut og ville strida mot han. Dei møtte han attmed den store dammen i Gibeon.