1 Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Asarja, son til Hosjaja, og heile folket, både høg og låg,
2 og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma til deg med vår audmjuke bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att! Som du ser oss her, er vi då berre nokre få att av mange.
3 Bed om at Herren din Gud må seia oss kva veg vi skal gå, og kva vi skal gjera.»
4 Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og alt det Herren svarar, skal eg kunngjera dykk og ikkje halda att eit ord.»
5 Då sa dei til Jeremia: «Gjev Herren må vera eit sant og truverdig vitne mot oss om vi ikkje heilt og fullt fylgjer det ordet som Herren din Gud sender oss gjennom deg.
6 Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda Herren vår Gud, som vi sender deg til, så det må gå oss vel når vi høyrer på det som Herren vår Gud seier.»