12 Eg skal syna medkjensle med dykk, så han miskunnar seg over dykk og lèt dykk koma heim att til dykkar eige land.
13 Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.
14 Nei, vi vil fara til Egypt, så vi skal sleppa å koma ut for krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»
15 Gjer de det, så høyr Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Set de dykk føre å fara til Egypt og slå dykk ned som innflyttarar der,
16 skal sverdet som de reddast, nå dykk der i landet, og svolten som de syter for, skal fylgja dykk i hælane, og i Egypt skal de døy.
17 Alle menn som har sett seg føre å fara til Egypt og busetja seg der, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal koma unna og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.
18 Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Liksom min vreide og harme vart utrend over Jerusalems-buane, såleis skal min harme verta utrend over dykk om de kjem til Egypt. De skal koma ut for svartekunster og skræmsle, forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att.