6 Den lettføtte kan ikkje røma,og krigaren slepp ikkje unna.Der nord, ved Eufrat-bredda,der snåvar dei og fell.
7 Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar som fløymer ¬i brusande straum?
8 Det er Egypt som stig lik Nilen,lik elvar som fløymer ¬i brusande straum.Folket sa: «Eg vil stigaog breia meg ut over jorda,gjera ende på byar ¬og dei som bur der.
9 Fram, de hestar! ¬Av stad, de vogner!Rykk ut, de krigarar,de frå Kusj og Put ¬som ber skjold,og de frå Lud ¬som spenner bogen!»
10 Dette er ein hemnens dagfor Herren Gud, Allhærs Gud,då han tek hemn ¬over sine motstandarar.Sverdet skal eta seg mettog drikka seg utyrst av blod.For Herren Gud, Allhærs Gud,held ei offerslaktingi landet der nord ved Eufrat.
11 Far opp til Gilead ¬og få deg balsam,Egyptarland, du unge møy!Om du brukar ¬mange lækjeråder,er det inga hjelp i det;såret ditt vil ikkje gro.
12 Folkeslag høyrer om di skam,ditt klagerop fyller jorda.Den eine krigaren ¬stuper over hin,og saman fell dei begge.