11 Moab var trygg ¬frå ungdomen av,låg roleg som vin på sin berme,vart ikkje tappa frå fat til fat– laut aldri fara i fangenskap.Difor har han halde på smaken,angen av han ¬er den same som før.
12 Men sjå, dagar skal koma,lyder ordet frå Herren,då eg sender vintapparar ¬til han.Dei skal tappa han om ¬og tøma fataog slå krukkene i knas.
13 Då skal Moab skjemmast ¬av Kamosjliksom Israel laut skjemmast ¬av Betel,som dei sette si lit til.
14 Korleis kan de seia:«Vi er krigarar ¬og djerve stridsmenn»?
15 Moab skal herjast,fienden fer opp mot hans byar,og den beste ungdomen ¬vert slakta ned,lyder ordet frå Kongen,– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.
16 Moabs undergang er nær,i ei bråhast ¬kjem ulukka over han.
17 Ha medkjensle med han,alle grannefolk ikring,alle de som kjenner ¬hans namn.Sei: «Å, at han er broten,den sterke stav, ¬det herlege septer!»