14 Korleis kan de seia:«Vi er krigarar ¬og djerve stridsmenn»?
15 Moab skal herjast,fienden fer opp mot hans byar,og den beste ungdomen ¬vert slakta ned,lyder ordet frå Kongen,– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.
16 Moabs undergang er nær,i ei bråhast ¬kjem ulukka over han.
17 Ha medkjensle med han,alle grannefolk ikring,alle de som kjenner ¬hans namn.Sei: «Å, at han er broten,den sterke stav, ¬det herlege septer!»
18 Stig ned frå ditt æresete, ¬set deg i støvet,du Dibons dotter ¬som bur i byen.For han som skal herja Moab,fer opp imot degog øydelegg dine ¬festningsverk.
19 Stå attmed vegen ¬og hald utkikk,du som bur i Aroer!Spør dei som rømde ¬og kom seg unna:«Kva har hendt?»
20 Moab er knust og vanæra.No kan du hyla og skrika.Gjer det kjent ved Arnonat Moab er øydelagt.