19 Stå attmed vegen ¬og hald utkikk,du som bur i Aroer!Spør dei som rømde ¬og kom seg unna:«Kva har hendt?»
20 Moab er knust og vanæra.No kan du hyla og skrika.Gjer det kjent ved Arnonat Moab er øydelagt.
21 Straffedomen er komen over slettelandet, over byane Holon, Jahsa, Mofa’at,
22 Dibon, Nebo, Bet-Diblatajim,
23 Kirjatajim, Bet-Gamul, Bet-Meon,
24 Kerijot, Bosra og alle dei andre byane i Moab, både fjern og nær.
25 Avhogge er Moabs horn,armen hans er broten, ¬seier Herren.