30 Eg veit kor frekke dei er, ¬seier Herren,eg kjenner ¬det tome skrytet deira.Uærlege er dei i alt det dei gjer.
31 Difor jamrar eg over Moab,skrik for heile Moab skuldog sukkar over mennene ¬frå Kir-Heres.
32 Eg græt meir over degenn over Jaser, ¬du vintre i Sibma.Dine ranker tøygde seg ¬ut mot sjøen,dei nådde heilt til Jaser.Over din frukthaust ¬og vinhaustkjem det ein herjar.
33 Gleda og jubelen er bortefrå hagar og marker i Moab.Eg gjer ende på vinen ¬i pressekummane.Ingen trakkar vindruer ¬til glade rop;alle jubelrop har stilna.
34 Skriket frå Hesjbon ¬når til El’ale,heilt til Jahas høyrest ropet.Dei ropar frå Soar ¬til Horonajimog til Eglat-Sjelisjia.For jamvel Nimrim-vatnet ¬vert til øydemark.
35 Så gjer eg slutt på den skikkenat folk i Moab ¬går opp på hauganeog brenner offer for guden sin,lyder ordet frå Herren.
36 Difor klagar mitt hjartasom fløyter over Moab,ja, det klagar som fløyterover mennene frå Kir-Heres.For alt det dei hadde samla, ¬er tapt.