37 Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.Alle har rispa opp hendeneog har syrgjeplagg om hoftene.
38 I Moab lyder det berre klagepå alle tak og plassar.For eg har knust moabittanelik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om,lyder ordet frå Herren.
39 Å, kor moabittane er knuste!Kor dei hyler!Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til.No vert Moab ¬til spott og skræmslefor alle sine grannefolk.
40 Ja, så seier Herren:Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygandeog breier vengene ut ¬over Moab.
41 Byane vert tekne, ¬festningane storma.Den dagen skal Moabs krigararvera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.
42 Moabittane går til grunne ¬som folkfordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren.
43 Det vert gru og grav og garnfor dykk som bur i Moab!lyder ordet frå Herren.